torsdag 19. november 2009

TOMAT (sjekk kor rart det ordet var i versalar)

No skal eg ete pasta. Eg likar ikkje pasta med tomatsaus ein gong!

Ting som inneheld tomat som ikkje fell i smak hjå meg:

*Tomatsuppe (eg er kanskje den einaste i VERDA som ikkje likar tomatsuppe. Dette er difor eit stort problem for meg, som eg utdjupa og analyserte i ei skuleoppgåve tidlegare denne månaden.) (Det er forresten stort sett det bachelor-oppgåva mi handlar om.)

*Ketchup. Eg et det på pølse, og kun det. (Dette er òg ein ynda ting hjå majoriteten)

*Eg kjem ikkje på noko meir akkurat nu, men ein ting eg må få med er at: Eg elskar tomat i seg sjølv, men det er det svært få andre som gjer, men dei elskar dei to tinga eg har nevnt ovanfor. Eg kjenner no at eg kunne tenkt meg å skrive bachelor-oppgåve om dette her. Kanskje master-oppgåve. Går det an å ta master i tomat? Det er eit meget interessant tema - iallefall "tomat-smak".

onsdag 18. november 2009



Eg har laga julekort...men det ser eigentleg ikkje ut som eit julekort. Men det skal stå god jul bak på.

I dag er det STORM i London! Det er kult... og i dag skal eg ikkje ta tuben. Det er fantastiko!

mandag 16. november 2009

Måndag!!

søndag 15. november 2009

Gjett kva eg åt til middag i går. Berre gjett. Seriøst.

GRANDIOSA!

London 1 - Noreg 0,5

fredag 13. november 2009

FREDAG

Eg diggar når folk lagar sånn "Fredag! Helg" på bloggen, slik som Onionmag så ofte gjer. Eg vert i så vanvittig humør av det, sjølv om eg må arbeide med skule heile helga. Men i dag har dei ikkje gjort det (foreløpig) (eller hitherto), så då må EG trå til med mine fantastiske evner!

Fredag!!!






Ps: Sjølv om eg proklamerte eit sterkt hat mot surrealistar i forrige innlegg, må eg berre få seie at Dalì fortsatt er den kulaste personen som har satt fot på denne jord. (Han vart jo kasta ut av gruppa fordi han var for kul) (det seier jo sitt)

onsdag 11. november 2009

hitherto

Som nokre kanskje har fått med seg, to tre stk, er eg ikkje på bloggfronten. Som tidlegare ymta stel vi vev frå naboen, og det er heller labert signal å få inn.
Ellers skriv eg dissertation, som er bachelor-oppgåva. Det er båe vanskeleg og kjedeleg. Det er jo min eigen feil då temaet er sjølvvalgt. Om nokre lurer skriv eg om korleis surrealistiske element /effektar er brukte i samtidsillustrasjon. Det eg har resonnert meg fram hittil (eller hitherto) er at surrealistane var nokre tåpar utan sidestykke. For ikkje å snakke om dadaistane... nei, dei var litt kulare forresten.
Som om ikkje dette var nok, må eg utvide vokabularet mitt til uante dimensjonar. Huff, altså. Men i morgon skal eg i sjømannskyrkja, der ANSA har eit sånn kveldsmat-opplegg. Då kan vi få brunost og sikkert norsk mjølk. Så skal eg døgne frå torsdag til fredag for då skal eg møte han veileiiaren eg har på dissen. Må ha 2000 ord. Skal vere 5000 totalt. Men etter nyttår er det anarki! (i UK) (london kommune)! Då kan vi gjere akkurat det vi vil!

mandag 9. november 2009

London kommune

I London går livet sin vante gong. Nett no, i nuet, sit eg på skulen. I dag har vi den global oppvarming-oppgåva, og den er så kjedeleg! ØØ. æ.

Men i helga hadde vi fest for Shtian.